Sommarturnè 2026
Sommaren 2026, veke 30, kjem OperaKysten igjen på turné – og tek med seg noko av det vakraste operaverda har å by på til små stader langs kysten vår. Med sopran Nora Oleanne Sårheim i spissen inviterer vi til varme, nære og overraskande operaopplevingar på nynorsk – laga for både erfarne operavener og deg som aldri har sett foten i eit operahus.
Gløym tanken om stive salar og fjerne scenekantar. Dette er opera slik du sjeldan opplever han: tett på, levande og personleg. Kjende melodiar, sterke historier og musikk som treff rett i hjartet – framført med humor, varme og nærleik. Alt på nynorsk.
På nokre stopp blir det OperaPub med servering og låg skulder-faktor, andre stader sommarkonsert eller afternoon tea. Felles for alle kveldane er ei kjensle av å vere med på noko heilt spesielt: profesjonell opera av høg kvalitet – midt i ditt eige lokalsamfunn.
I ti år har OperaKysten reist dit dei store kulturinstitusjonane sjeldan kjem. Fordi store kunstopplevingar ikkje berre høyrer heime i storbyane.
Spelestader: Jakob Sande - Senter for forteljekunst, Dale 21. juli, Eikaasgalleriet, Ålhus 22. juli, Kjellarhuset, Svanøy Hovedgård, Svanøy 24. juli og Borgstova Kulturkafè, Davik 26. juli
PRAKTISK INFORMASJON
Speletid: ca. 60 min.
Språk: Nynorsk
Stad: Dale, Jakob Sande Senter
Stad: Ålhus, Eikaasgalleriet
Stad: Svanøy, Kjellarhuset
Stad: Davik, Borgstova Kulturkafé
Dato: 21. juli kl: 18:30
Dato: 22. juli kl: 18:00
Dato: 24. juli kl: 18:30
Dato: 26. juli kl: 14:00
SPONSOR:
Stolt støttespelar av lokal kultur og engasjement
Nyhende
OperaKysten fekk nyleg tildelt kulturstøtte frå Kulturrådet til framsyninga av Der Schauspieldirektor.
Ei slik støtte er eit vere eller ikkje-vere for små operascener som OperaKysten og gjorde det mogleg å realisere produksjonen og styrka arbeidet vårt med å formidle opera av høg kvalitet til eit breitt publikum.
Vi takkar Kulturrådet for tilliten og kjenner oss særs heldige som får halde fram med å bringe opera ut på holmar og nes, inst i fjordarmar, i løer og kulturhus!
OperaKysten støtta av Kulturrådet
OperaKystens Vener
Meir info om opera vener, arrangementer osv.
tidlegare OPPSETJINGAR
OPERA VED HAVET
Med konsertlokale med saltsprut oppetter veggane og eit program som lukta av både tang og tare, la OperaKysten ut på nok ein miniturné med sine dyktige artistar.
Vår eiga sopran og kunstnarleg leiar Nora Oleanne Sårheim tok med seg pianist Olga Jørgensen på dette eventyret og saman framførde dei både velkjende operasviske og nokre meir ukjende skattar i frå operaverda sitt havrepertoar!
Spelestader var på Eid - Jølster - Måløy - Svanøy - Kalvåg
Dei siste åra har OperaKysten kunne ønske sitt publikum velkommen til konsertar utanfor heimbasen sin i Florø på seinsommaren. Med mål om å tilby opera til nye publikummarar der dei er, reiste OperaKysten hausten 2025 til fem ulike spelestadar. Med sine nyskrivne, nynorske gjendiktingar hadde Florøsopranen Nora Oleanne Sårheim denne gongen med seg Stian Økland frå Bergen. Den dyktige pianisten Olga Jørgensen var med på turnéen. Publikum fekk høyre mellom anna utdrag frå Elskovsdrikken, Tosca, Faust og Carmen for å nemne nokre!
HUMMER OG KANARI - litt av alt!
I 2025 satte OperaKysten saman eit program som levde opp til det gamle uttrykket; Denne kvelden vart einaste fellesnemnar for programmet at vi serverte fantastisk opera av høg kvalitet og av dyktige utøvarar. Publikum fekk høyre musikk ifrå fleire ulike århundre, 11 ulike komponistar frå 6 ulike land, både i solistform, duettar og med kor.
LA BOHÈME 2024
Januar 2024 kunne OperaKysten gle seg over å presentere La Bohème av Giacomo Puccini i nynorsk gjendiktning ved Jostein Avdem Fretland.
Det var dramatikk frå første minutt og musikken var hjerteskjerande bra!
Ann-Terese Aasen som regissør klarte kunsten å bygge opp ei forestilling som både var naken og ribba for stafasje, men og fargerik og gripande formidla. Les nokre av mediadekninga her:
oPERAGALLA 2023
I samarbeid med Førde Kammerkor leverte våre solistar første helga i februar ein fullskala operagallakonsert med eit heilt operakor i Førde og Florø.
Det vart servert musikk frå den fantastiske operaverda med smakebitar frå mellom anna Carmen, Flaggermusen, Tosca, Romeo og Juliet, Madama Butterfly og La Traviata.
Det vart ein fantastisk kveld med sopranen Nora Oleanne Sårheim frå Florø, tenor Eivind Kandal frå Gloppen, sopranen Annika Beinnes frå Høyanger og pianist Andreas Løken Taklo frå Florø.
Konferansier Asgeir Øvrebotten held det heile i taumane og passa på at både publikum og dei på scena hadde kontroll over kva som skulle hende gjennom kvelden.
HAUSTTURNÈ 2021
Med støtte frå det lokale næringslivet rulla OperaKysten for fyrste gong ut turnébussen (og båten) og dro ut til eit lokale nær deg. Ein OperaPub-turné var akkurat det både vi og du trong for å lyse opp haustdagane i slutten av oktober 2021
Publikum fekk utdrag i frå både operette- og operalitteraturen, og høyre litt av operaen vi planla å sette opp i januar 2022.
OPERAHISTORIA PASSERER I REVY. 2018
I 2018 baud OperaKysten Florapublikumet på ei nyskaping. Kan ein på under 2 timar gje publikum eit inntrykk av heile operahistoria, ei tidsepoke som spenn over 400 år?
Framsyninga var sett opp 13. januar på Florø Kulturhus, og vart ein stor suksess hos publikum.
OPERAPERLER VED KYSTEN 2017
Operaperler ved kysten var OperaKysten sin første operagalla.
Operagallaen gjekk av stabelen 1. april 2017 i Florø kyrkje.
OPERETTEGALLA 2020
18. Januar 2020 sette Opera Kysten opp sin første OperetteGalla i samarbeid med kora Fryd og Gammen i Florø Kulturhus.
Det vart servert musikk ifrå den fantastiske verda av operetter, ifrå Lehár til Zeller, Offenbach og Johann Strauss.
MARGUERITE! 2019
Gounod har skrive musikken til dette stykket om Marguérite frå Faust og operaen er basert på det velkjende dramaet Faust del 1 av den tyske nasjonaldiktaren Goethe.
Operaen vart satt opp i Florø Kirke 19 januar 2019.
DER SCHAUSPIELDIREKTOR 2016
Der Schauspieldirektor, Teaterdirektøren, var OperaKysten sin første produksjon.
Der Schauspieldirektor gjekk av stabelen 23. januar 2016 i Florø samfunnshus.