Der Schauspieldirektor av Mozart

 
 

jubileumsframsyninga som begeistra publikum

I 2026 markerte OperaKysten sitt 10-årsjubileum med å vende attende til røtene og setje opp Teaterdirektøren av Mozart – akkurat slik det heile starta i 2016. Det som ein gong fylte kinosalen i Florø til randa, gjorde no suksess som jubileumsturné gjennom heile gamle Sogn og Fjordane. Forestillinga hadde premiere på Operahuset Nordfjord, gjesta Sogndal Kulturhus og avslutta det heile i Florø Kulturhus.

På scena møtte publikum den unge og lovande sopranen Frk. Songstad (Renate Ekerhovd), divaen Madame Borchgrevinch (Nora Oleanne Sårheim), den entusiastiske assistenten (Eivind Kandal) og sjølvaste teaterdirektøren (Per Øyvind Helle). Den vesle komedien om rivalisering og sjarmerande kaos bak sceneteppet vart elegant iscenesett av regissør Lars Harald Maagerø, med Lina Braaten som stødig musikalsk følgje ved flygelet. Heile framsyninga vart framført på nynorsk i gjendikting av OperaKysten sin eigen kunstnarlege ansvarlege, Nora Oleanne Sårheim.

Jubileumsåret vart ei stor hending – ikkje berre for OperaKysten, men for heile Florø som operaby. Oppsetninga fekk strålande kritikkar og vart varmt motteken av publikum. Under framsyninga i Florø var Fylkeskommunen representert ved leiaren for hovudutval for kultur, idrett og inkludering, som overrekte blomar og gratulasjonar. Kinn Bryggeri hadde til og med brygga eit eige opera-øl, Røyst, og eit livleg nachspel på Vesle Kinn sette ei perfekt ramme rundt feiringa.

Jubileumsturneen stadfesta OperaKysten si rolle som ei viktig kulturkraft i regionen – og som ein operagjeng som framleis evnar å begeistre, samle og skape ekte musikkglede langs kysten.

Du kan lese om oppsettinga i 2016 her.

Artistane

 

KulturSponsorar

Speler på lag med kulturen

OperaKysten sin hovedsponsor