Cart 0

VELKOMEN TIL OPERAKysten

1S0A9880.jpg
OPERA A5 PROGRAMHEFTE 5MM UTFALL.jpeg

La Bohème

OperaKysten fekk endeleg presentert La Bohème av Giacomo Puccini!

Kammerforestillingane vart kansellerte i 2021 og 2022 pga Korona pandemien, men alle gode ting er tre og januar 2024 vart La Bohème satt opp både i Florø, Førde og i Sogndal.

La Bohème er ein italiensk opera i fire akter og skal fremførast på nynorsk.

Nynorsk gjendikting er ved Jostein Avdem Fretland frå Lærdal.


PRAKTISK INFORMASJON

Speletid: 1 t 10 m

Pause: 20 min

Språk: Norsk

Stad: Førdehuset

Stad: Sogndal Kulturhus

Stad: Florø Kulturhus

17. januar - kl. 19:00

19. januar - kl. 18:30

20. januar - kl. 18:30


OperaKystens Vener

Meir info om opera vener, arrangementer osv.

DSC_3705_5100.jpg
 

tidlegare OPPSETJINGAR

 
 
 

oPERAGALLA 2023

I samarbeid med Førde Kammerkor leverte våre solistar første helga i februar ein fullskala operagallakonsert med eit heilt operakor i Førde og Florø.

Det vart servert musikk frå den fantastiske operaverda med smakebitar frå mellom anna Carmen, Flaggermusen, Tosca, Romeo og Juliet, Madama Butterfly og La Traviata.

Det vart ein fantastisk kveld med sopranen Nora Oleanne Sårheim frå Florø, tenor Eivind Kandal frå Gloppen, sopranen Annika Beinnes frå Høyanger og pianist Andreas Løken Taklo frå Florø.

Konferansier Asgeir Øvrebotten held det heile i taumane og passa på at både publikum og dei på scena hadde kontroll over kva som skulle hende gjennom kvelden.

HAUSTTURNÈ

Med støtte frå det lokale næringslivet rulla OperaKysten for fyrste gong ut turnébussen (og båten) og dro ut til eit lokale nær deg. Ein OperaPub-turné var akkurat det både vi og du trong for å lyse opp haustdagane i slutten av oktober 2021

Publikum fekk utdrag i frå både operette- og operalitteraturen, og høyre litt av operaen vi planla å sette opp i januar 2022.

OPERAHISTORIA PASSERER I REVY

I 2018 baud OperaKysten Florapublikumet på ei nyskaping. Kan ein på under 2 timar gje publikum eit inntrykk av heile operahistoria, ei tidsepoke som spenn over 400 år?

Framsyninga var sett opp 13. januar på Florø Kulturhus, og vart ein stor suksess hos publikum.

 
Brosjyre_A5.jpg

OPERAPERLER VED KYSTEN

Operaperler ved kysten var OperaKysten sin første operagalla.  

Operagallaen gjekk av stabelen 1. april 2017 i Florø kyrkje.

OPERETTEGALLA

18. Januar 2020 sette Opera Kysten opp sin første OperetteGalla i samarbeid med kora Fryd og Gammen i Florø Kulturhus.

Det vart servert musikk ifrå den fantastiske verda av operetter, ifrå Lehár til Zeller, Offenbach og Johann Strauss.

 

MARGUERITE!

Gounod har skrive musikken til dette stykket om Marguérite frå Faust og operaen er basert på det velkjende dramaet Faust del 1 av den tyske nasjonaldiktaren Goethe.

Operaen vart satt opp i Florø Kirke 19 januar 2019.

 
forside.jpg

DER SCHAUSPIELDIREKTOR

Der Schauspieldirektor, Teaterdirektøren, var OperaKysten sin første produksjon.

Der Schauspieldirektor gjekk av stabelen 23. januar 2016 i Florø samfunnshus.