OM OPERAKYSTEN
OperaKysten er ei foreining som vart skipa 15. januar 2015 etter idé og initiativ av Audun Hareide og Nora Oleanne Sårheim. Laget sitt føremål er å arrangere opera og arbeide for andre tiltak for å skape auka opera-interesse i Sogn og Fjordane. Sjølv om vi er heimehøyrande i Florø, og såleis er landets vestlegaste operascene, ser vi for oss at vi kan utøve aktiviteten utanfor kommunen òg.
OperaKysten har eit samarbeid med Sogn og Fjordane Teater og Opera Nordfjord.
Nora Oleanne Sårheim er kunstnarleg ansvarleg for OperaKysten
Du finn vedtektene for Operakysten her.
Bli medlem i OperaKysten:
For å bli medlem så må du betale kontingent til OperaKysten. Send kr 50 på Vipps 504848.
Evt kan du kontakte styreleiar Cecilie Udberg-Helle, og få tilsendt kontonummer.
STYRET
Cecilie E. Udberg-Helle (styreleiar)
Helge Sårheim
Terje Stub
Per Godø
Trond Ramstad Olsen
Asgeir Øvrebotten
Solveig Willis
Ellisif Gjestland
Kan du tenke deg å sitje i styret eller bidra som frivillig er du velkommen til å gje oss eit vink.
SPONSORER
SAMARBEIDSPARTNARAR
Sogn og Fjordane Teater - softeater.no
Opera Nordfjord - operanordfjord.no
Flora Revyen - floro.no
Flora Kulturskule - florakulturskule.no