Hummer og kanari
- ein operagalla med OperaKysten og Førde Kammerkor
Førde 29. Januar, Sogndal 31. Januar, Florø 1. Februar 2025
Plakat designet av Endre Barstad hos Altkanendres AS
Hummer og Kanari - litt av alt!
I år har OperaKysten sett saman eit program som lever opp til det gamle uttrykket; Denne kvelden var einaste fellesnemnar for programmet at vi serverte fantastisk opera av høg kvalitet og av dyktige utøvarar. Publikum fekk høyre musikk ifrå fleire ulike århundre, 11 ulike komponistar frå 6 ulike land, både i solistform, duettar og med kor. Nora Oleanne Sårheim hadde omsett alle tekstane til klingande nynorsk. Musikken kvilte i dei trygge hendene til Andreas Løken Taklo!
Med oss hadde vi mezzosopran Mari Askvik frå Leikanger, og vi gler oss til å høyre hennar flotte stemme fylle salane i Sunnfjord og Sogn. Vi er også svært glade for å ha fått med oss Førde Kammerkor på laget, etter det vellukka samarbeidet i 2023. Den gong var førdejenta Amanda Kvammen “berre” ein av sopranane i koret, men i år ønska vi ho velkommen også som gjestesolist i konsertane våre. Vår eigen kunstnariske leiar Nora Oleanne Sårheim vert sjølvsagt også å sjå i desse konsertane!
Artistane
Speler på lag med kulturen
OperaKysten sin hovedsponsor