La Bohème - Januar 2024

OperaKysten fekk endeleg presentert La Bohème av Giacomo Puccini i januar 2024.

Mimi ligg på det siste med venene sine samla rundt seg. Bilete frå generalprøven. Fotograf Cecilia Molander.

Operaen vart satt opp tre stader: Førde 17. januar, Sogndal 19. januar og Florø 20. januar.

Plakat designet av Endre Barstad hos Altkanendres AS

La Bohème er ein italiensk opera i fire akter og vart framførd første gong i februar 1896 på Teatro Regio i Torino i Italia under leiing av dirigent Arturo Toscanini. Librettoen vart skriven av Giuseppe Giacosa og Luigi Illica etter ein roman av Henri Murger: La Vie de Bohème.

Handlinga utspelar seg i kunstnarkretser i Paris, og nokre av dei bærande rollene er poeten Rodolfo (tenor), syerska Mimi (sopran), målaren Marcello (baryton) og den tidlegare songaren Musetta (sopran).

Handlinga er høgst aktuell også idag, - 120 år etter den fyrste framføringa. Mimi er sjuk og døyr av tuberkulose, som var den tidas pandemi.

Bohemane sin natur er likevel å leve sterkt og leve no,  trass sjukdom og død – slik livet er.  Tida må gripast, elles er den over. Kjærleiken må gripast, elles finn ein den ikkje i tide. Venskap må dyrkast og humor må til for å overleve i ein elles grå kvardag.
Rodolfo, Marcello, Musetta og Mimi gjer akkurat dette; dyrkar venskap og kjærleiken no!

Publikum kunne gle seg over å oppleve operaen på norsk, i ei fabelaktig nynorsk gjendikting ved Jostein Avdem Fretland.

Det var dramatikk frå første minutt og musikken var hjerteskjerande bra! Ann-Terese Aasen som regissør klarte kunsten å bygge opp ei forestilling som både var naken og ribba for stafasje, men og fargerik og gripande formidla. Les nokre av mediadekninga her:

 
 
 

Frå NRK Vestlandsrevyen 17 januar.

 

Frå Firdaposten: Regissør Ann-Terese Aasen gir instrukser til Dagfinn Andersen og Lydia Hoen TJore Foto: Opera Kysten

 
 

Artistane

 

Bildegalleri

Fotograf: Cecilia Molander

Sponsorane

Speler på lag med kulturen

OperaKysten sin hovedsponsor