operagalla 2023

 

OperaKysten inviterte til operagalla med flotte solistar og operakor

Den første helga i februar 2023 kunne publikum oppleve noko heilt nytt i operasamanheng i Florø og Førde. 

Då fikk dei servert ein fullskala operagallakonsert med eit heilt operakor!  Vi fekk med oss dyktige Førde Kammerkor på laget, og presenterte svisker og godbitar for folk både i Florø og Førde denne vinterhelga! 

På solistsida stilte velkjende namn som sopran Nora Oleanne Sårheim frå Florø og tenor Eivind Kandal frå Gloppen.  Med seg hadde dei ein spanande nykommar i OperaKysten-samanheng - sopranen Annika Beinnes frå Høyanger.  Saman løfta desse to sopranene og tenoren både taket og kvelden til nye høgder.

Konferansier Asgeir Øvrebotten held det heile i taumane og passa på at både publikum og dei på scena hadde kontroll over kva som skulle hende gjennom kvelden. Det var mykje humor og publikum lot seg rive med av alle påfunna til Asgeir. Pianisten Andreas Løken Taklo leverte som vanleg og hans handsaming av tangenta var ei oppleving!

 
 

Artistane

 
 
 

Speleliste over nokon av nummera som de får høyre i Operagalla 2023.