Back to All Events

Operettegalla

Januar 2020 sette Opera Kysten opp sin første OperetteGalla i samarbeid med kora Fryd og Gammen.

Det vart servert musikk ifrå den fantastiske verda av operetter, ifrå Lehár til Zeller, Offenbach og Johann Strauss.

Publikum fekk opleve stykker frå Hoffmanns Eventyr, Czhardasfystinnen, Flaggermusen, Den Glade Enke og Giuditta, for å nemne nokon. Alle songane hadde fått nye nynorske gjendiktingar av Nora Oleanne.

Artistane

Nora Oleanne Sårheim, sopran, imponerte med ei stemmeprakt som har hatt ei fantastisk utvikling sidan vår fyste oppsetjing med Nora i Der Schauspieldirektor.

Tenoren Eivind Kandal er ein ettertrakta operasongar både i inn- og utland og opptrådde for fyste gong i ei oppsetning av OperaKysten.

Eivind kjem frå den vesle bygda Kandal i Nordfjord. Han avslutta si utdanning ved Operaakademiet i København våren 2017 med Susanna Eken som song pedagog.

Publikum vart bergtatt av Eivind, som imponerte med eit breitt repertoar og ein fantastisk sjarm og humor på scena.

Eivind Kandal, tenor

På Klaver klarte Andreas Taklo, opprinneleg frå Florø, å trylle fram eit heilt symfoniorkester åleine. Andreas er rett og slett ei oppleving på tangentane.

Andreas Taklo, klaver

I operettane høyrer det med kor, og det var dei heilt usedvanlege kjekke mennene frå koret Gammen, og dei strålande damene frå koret Fryd som skapte fryd og gammen med sine vakre stemmer på scena. Dirigent for kora var Jorunn Bakke Nydal.

koret Fryd

koret Gammen

Asgeir Øvrebotten, operasjonssjef for Vestbase Avdeling Florø, var kveldens konferansier. Asgeir var strålande artig i si rolle med å smi alt i hop og fekk senka skuldrene til alle i salen. Her var det tydeleg på at dette skulle vere kjekt og at publikum berre skulle la seg rive med og vere med på ei reise gjennom musikken, historia, kulturen, kunsten og kjærleiken.