Sumarturnè Opera ved fjorden
På høgaste sumaren, i veke 30, legg OperaKysten ut på turnè med “Opera ved Fjorden”.
Det kjem meir informasjon om spelestader og artister, men det er berre å gle seg!
På høgaste sumaren, i veke 30, legg OperaKysten ut på turnè med “Opera ved Fjorden”.
Det kjem meir informasjon om spelestader og artister, men det er berre å gle seg!
Ei slik støtte er eit vere eller ikkje-vere for små operascener som OperaKysten og gjorde det mogleg å realisere produksjonen og styrka arbeidet vårt med å formidle opera av høg kvalitet til eit breitt publikum.
Vi takkar Kulturrådet for tilliten og kjenner oss særs heldige som får halde fram med å bringe opera ut på holmar og nes, inst i fjordarmar, i løer og kulturhus!
Det vert med dette kalla inn til årsmøte i OperaKysten 16. mars kl 19 i biblioteket på SMS senteret.
Det vert vanlege årsmøtesaker.
Ved spørsmål:
Ta kontakt med styreleiar Cecilie Udberg-Helle på e-post: julava@icloud.com
Helsing styret.
Korleis er livet bak scena på eit teater, eigentleg?
I Mozart sin lystige komedie Der Schauspieldirektor, får publikum ein liten, latterleg, men absolutt realistisk smakebit på korleis ein heilt vanleg dag på jobben kan vere for ein teaterdirektør!
OperaKysten markerer sitt 10årsjubileum med ei gjenoppsetting av Teaterdirektøren - akkurat som i 2016! Altså, nesten akkurat - for denne gongen framførast alle tekstane på nynorsk, og der er nokre nye ansikt både på og bak scena.
Haustfargane har endeleg sett seg, og rundt oss lyser det opp i gule, raude og orange tonar. Lydane dempast når den svale haustlufta fyller gater og natur, akkurat nok stille til å kjenne på at det hadde vore godt å fylle den med noko!
Med mål om å tilby opera til nye publikummarar der dei er, kjem OperaKysten med årets sommarturné til fem ulike spelestadar: Borgja på Ålhus, Columbus i Hyen, Hellevik gard i Hellevik og på Elvehagen hotell på Sande.
Det vert med dette kalla inn til årsmøte i OperaKysten 22. april kl 18 på biblioteket på SMS senteret i 2. etasje.
Det vert vanlege årsmøtesaker.
Dei som vil melde saker til møtet kan gjere det direkte til styreleiar (cecilie.eikefjord.udberg-helle@sunnfjord.kommune.no) seinast 1 veke før møtet.
I år har OperaKysten sett saman eit program som lever opp til det gamle uttrykket; Denne kvelden vert einaste fellesnemnar for programmet at vi serverer fantastisk opera av høg kvalitet og av dyktige utøvarar. Elles vil de få høyre musikk ifrå fleire ulike århundre, 11 ulike komponistar frå 6 ulike land, både i solistform, duettar og med kor. Heldigvis har Nora Oleanne Sårheim som vanleg omsett alle tekstane til klingande nynorsk, så det skal vere mogleg å henge med på denne musikalske reisa!
Med konsertlokale med saltsprut oppetter veggane og eit program som luktar av både tang og tare, legg OperaKysten ut på nok ein miniturné med sine dyktige artistar.
Vår eigen sopran og kunstnarleg leiar Nora Oleanne Sårheim tek med seg pianist Olga Jørgensen på dette eventyret og saman vil dei framføre både velkjende operasvisker og nokre meir ukjende skattar i frå operaverda sitt havrepertoar!
Ein skal faktisk ikkje sjå vekk ifrå at der til og med vert ei aldri så lita urframføring av nyskriven musikk innimellom “Rusalka”, “Peter Grimes” og “Til Havs”!
All musikken framførast - tradisjonen tru - i nye, nynorske versjonar!
Spelestader:
Eid - Jølster - Måløy - Svanøy - Kalvåg
Forestillinga Opera ved Havet varar i ca 60 min.
OperaKysten har nytt styre etter årsmøte.
Styret er godt i gang med planlegging av arrangement til hausten og neste års oppsetting. Føl med for oppdateringar!
Det nye styret:
Cecilie E. Udberg-Helle (styreleiar)
Helge Sårheim
Signe Nordvik
Renate Svardal
Asgeir Øvrebotten
Trond Ramstad Olsen
Solveig Willis
Det vert med dette kalla inn til årsmøte i OperaKysten 11. mars kl 18 i 3. etasje i Hamnehuset på Fugleskjerskaia. Det vert vanlege årsmøtesaker. Dei som vil melde saker til møtet kan gjere det direkte til styreleiar Solveig Willis (solveigwillis@gmail.com) seinast 1 veke før møtet.
Januar 2024 kunne OperaKysten gle seg over å presentere La Bohème av Giacomo Puccini i nynorsk gjendiktning ved Jostein Avdem Fretland
Det vert med dette kalla inn til årsmøte i OperaKysten 29. mars kl. 19:00 i Svanøy Havbruk sine lokalar på Fugleskjærtgata 4, Florø
Første helga i februar kunne OperaKysten ynskje velkomen til Operagalla i Florø og Førde.
I samarbeid med Førde Kammerkor leverte våre solistar ein fullskala operagallakonsert med eit heilt operakor.
Det vart servert musikk frå den fantastiske operaverda med smakebitar frå mellom anna Carmen, Flaggermusen, Tosca, Romeo og Juliet, Madama Butterfly og La Traviata.
Det vart ein fantastisk kveld med sopranen Nora Oleanne Sårheim frå Florø, tenor Eivind Kandal frå Gloppen, sopranen Annika Beinnes frå Høyanger og pianist Andreas Løken Taklo frå Florø.
Konferansier Asgeir Øvrebotten held det heile i taumane og passa på at både publikum og dei på scena hadde kontroll over kva som skulle hende gjennom kvelden.
Operagallaen var i Førdehuset fredag 03.02.23, og Florø Kulturhus laurdag 04.02.23.
Sveip til venstre. Sveip til venstre. SVEIP TIL VENSTRE.
Så plutseleg dukkar det opp noko meir interessant. Eit bilete av nokon som skil seg litt ut her inne på denne appen...? Kanskje ein ikkje berre skal sveipe til høgre, er dette kanskje verd ein SUPERLIKE?
Og så kjem spenninga. Vil plinget komme? Vart det match? Blir det eit samtale som kan bli til ein date som kan bli til...?
Vi kjenner oss jo att i Tinder-jungelen, anten det er at vi har utforska han sjølv eller det er blitt fortald av dei som har vore der og levd det livet. Kven har ikkje undra seg over korleis det kunne vore å vere fluge på veggen på nokon andre sin Tinderdate? Kjenne litt på stemninga, høyre kva dei snakkar om - eller kanskje aller helst høyre kva dei også tenker i det som elles ville vore laaange, pinlege, stille stunder?
No får du endeleg høve. I regi av OperaKysten vil du denne seinsommarkvelden få oppleve ein Tinder-date, slik komponist Jostein Avdem Fretland ser det føre seg. Vi presenterer den fyrste av hans novelleoperaer ifrå serien "Av kjøt og sorg", som har både tekst og musikk av den unge Lærdølen.
I rollene møter vi Nora Oleanne Sårheim som musikkstudenten Kristine og Eivind Kandal som vegetarianaren Tomas i frå fyrste sveip til fyrste date er over og alt som er imellom. To som møtest med kunstig høge forventingar og i overkant store personlegdomar; det er potensiale for store og mange konfliktar på kort tid!
Ved klaveret sit sjølvsagt Andreas Løken Taklo og sørger for at dei eventuelle diskusjonane ikkje går heilt over styr, i alle fall ikkje forbi det som står i partituret!
Ved premieren i Lærdal i februar i år var godt over halvparten av publikum i salen på opera for aller fyrste gong, og det har sjeldan vore så mykje latter og god stemning på ei operaforestilling nokon sinne. No er det sunnfjordingane og nordfjordingane sin tur til å få trimma lattermusklaturen, så no må vi syne sogningane at vi er vel så gode som dei til å fylle kulturromma med god stemning!
Her er det berre å springe til dei digitale billettlukene og tinge sin billett før det vert utselgt, dette vert ei oppleving du seint vil gløyme!
TURNÉSTADER:
23. august kl. 19:00 Larris scene, Sunnfjord Hotell & Spa, Førde.
BILLETTER KJØPER DU HER: FØRDE
24. august kl. 19:00 Husabula Kulturscene, Fjordgata 5, Florø.
BILLETTER KJØPER DU HER: FLORØ.
25. august kl. 19:00 Gamlebanken, Nordfjordeid
BILLETTER KJØPER DU HER: EID.
26. august kl. 19:00 Restaurant o vinbar Kadaver, Måløy
BILLETTER KJØPER DU HER: MÅLØY eller send mail: E-post: kadaver@maloyspiskammers.no
27. august kl. 19:00 Sjøholt ved Knutholmen, Kalvåg
BILLETTER KJØPER DU HER: KALVÅG
Det vert med dette kalla inn til årsmøte i OperaKysten 2. mars kl 18 i biblioteket Sunnfjord Medisinske Senter. Det blir vanlege årsmøtesaker. Dei som vil melde saker til møtet kan gjere direkte til styreleiar Harald Høyvik (hahoy@equinor.com) seinast 2 veker før møtet.
Vi i OperaKysten hadde gleda oss gjennom heile hausten til å endeleg presentere La Bohème av Giacomo Puccini i Florø Kulturhus i januar 2022.
Som de sikkert skjønar må vi dessverre avlyse denne pga den endra smittesituasjonen og restriksjonane for arrangement. Vi lovar likevel å komme tilbake med arrangement for alle våre operavener i løpet av 2022!
La Bohème er ein italiensk opera i fire akter og vart oppført første gong 1. februar 1896 på Teatro Regio i Torino i Italia under leiing av Arturo Toscanini. Librettoen vart skiven av Giuseppe Giacosa og Luigi Illica etter ein roman av Henri Murger: La Vie de Bohème.
Handlinga utspelar seg i kunstnarkretser i Paris, og nokre av dei berande rollene er poeten Rodolfo (tenor), syerska Mimi (sopran), målaren Marcello (baryton) og den tidlegare songaren Musetta (sopran).
Nynorsk gjendikting ved Jostein Avdem Fretland
I rollane:
Mimi - Nora Oleanne Sårheim
Musetta - Sigrid Vetleseter Bøe
Rodolfo - Eivind Kandal
Marcello - Magnus Dorholt Kjeldal
På Klaver - Andreas Taklo
Med støtte frå det lokale næringslivet rulla OperaKysten for fyrste gong ut turnébussen (og båten) og dro ut til eit lokale nær deg. Ein OperaPub-turné var akkurat det både vi og du trong for å lyse opp haustdagane i slutten av oktober.
Artistar var; Nora Oleanne Sårheim (sopran), Eivind Kandal (tenor) og Andreas Løken Taklo (klaver). Publikum fekk utdrag i frå både operette- og operalitteraturen, og høyre litt av operaen vi planla å sette opp i januar 2022.
OperaKystens haustturnè 2021:
27.10.21 Lauget, Sandane
28.10.21 Husabula, Florø
29.10.21 Kjellerhuset, Svanøy
30.10.21 InSpire, Eikefjord
Denne turnéen var støtta av:
Sparebanken Sogn og Fjordane
Sparebanken Vest
Marø Havbruk
Svanøy Havbruk
Svanøy Grendalag
BB ServiceSystem
Rema 1000 Sandane
Møbelringen
Advokat Mardal
Bravo Seafood
Rusta Vrak Bilutleige
OperaKysten innkallar til digitalt årsmøte tysdag kl. 18.00, 20. april, 2021. Grunna koronasituasjonen vil møtet gå føre seg på den digitale plattforma Teams.
For å ha tilgang til årsmøtet med framleggs- og stemmerett, må ein vere betalande medlem i OperaKysten. Møtet er ope for ålmenta. Ønskjer du å delta, treng vi e-postadressa di for å sende deg ein digital Teams-invitasjon. Send ein e-post med namnet ditt til styreleiar Harald Høyvik.
OperaKysten gler seg til å presentere La Bohème av Giacomo Puccini på Florø Kulturhus!
La bohème er ein italiensk opera i fire akter og vart oppført første gong 1. februar 1896 på Teatro Regio i Torino i Italia under leiing av Arturo Toscanini. Librettoen vart skiven av Giuseppe Giacosa og Luigi Illica etter ein roman av Henri Murger: La Vie de Bohème.
Handlinga utspelar seg i kunstnarkretser i Paris, og nokre av dei berande rollene er poeten Rodolfo (tenor), syerska Mimi (sopran), målaren Marcello (baryton) og den tidlegare songaren Musetta (sopran).
Nynorsk gjendikting ved Jostein Avdem Fretland
I rollene:
Mimi - Nora Oleanne Sårheim
Musetta - Frøy Hovland Holtbakk
Rodolfo - Eivind Kandal
Marcello - Magnus Dorholt Kjeldal
På Klaver - Andreas Taklo
Operacabarét med stjernetenor - Eivind Kandal og Andreas Løken Taklo (piano)
I Hillaren oppa i Grendahuset på Askrova.
Live streaming v. Vidsyn Media.
Opera Kysten hadde årsmøte 2020, tirsdag 10 mars kl. 18:00
Sted: : Biblioteket, Sunnfjord Medisinske Senter. Florø.
Januar 2020 setter Opera Kysten opp sin første OperetteGalla i samarbeid med kora Fryd og Gammen.
Operetten er mellomleddet mellom musical og opera, om ein skal forklare det på den enkle måten - ein opera med talt dialog.
Operetten har også svært festleg og tilgjengeleg musikk, kan vere ganske fjollete, men full av humor, champagne og har alltid ein happy ending!
Vi kan love smakebitar frå blant anna Den Glade enke og Flaggermusen.
Torsdag 9/1 kl 14 inviterer OperaKysten til framsyning av filmen frå Marguérite i kinosalen i Flora samfunnshus. Arrangementet er eit samarbeid med Florø filmklubb, og vi ønskjer med dette å nå spesielt dei eldre. Kanskje gjev dette appetitt på å oppleve meir? Det får dei nemleg høve til allereie 18. januar kl 18. Då er det ikkje berre film, men levande musikk som møter dei same stad på OperetteGalla.
I januar fekk omlag 160 publikummare oppleve Marguérite i Nora Oleanne Sårheims skikkelse i Florø kirke. Operaen til Gonoud vart ein mektig oppleving. Heldigvis vart den filma, og no kan du sjå oppsetjinga på ny i kinosalen.
Dei fleste tenker på opera som storslåtte forestillingar med mange aktørar, kor og kanskje til og med dyr på scena, gjerne i flotte og storslagne kostymer.
OperaKysten ønskjer å syne at det er mange måtar å framføre opera på. Av og til er det berre èin karakter si historie ein ønskjer å halde fokuset på. Dette er jo sjølvsagt alle operasongarar sin draumesituasjon, for på denne måten får jo songaren nyte full merksemd.
La bohème er ein italiensk opera i fire akter og vart oppført første gong 1. februar 1896 på Teatro Regio i Torino i Italia under leiing av Arturo Toscanini. Librettoen vart skiven av Giuseppe Giacosa og Luigi Illica etter ein roman av Henri Murger: La Vie de Bohème.
Filmklubben og OperaKysten setter opp Ingmar Bergman sin fantastisk flotte filmatisering av Tryllefløyten på torsdag. Verdt å få med seg!
OperaKysten set opp konsert med Erling Sunnarvik i Florø Kirke i samarbeid med Flora Kulturskule.
Erling Sunnarvik på kontrabass og Anastasia Bazhenova på piano.
I 2018 baud OperaKysten Florapublikumet på ei nyskaping. Kan ein på under 2 timar gje publikum eit inntrykk av heile operahistoria, ei tidsepoke som spenn over 400 år?
Heile produksjonen var skriven av Nora Oleanne Sårheim og Oda Alisøy, som saman med dei andre aktørane utvikla dette til den ferdige produksjonen.
Framsyninga var ein stor suksess hos publikum.
Operaperler ved kysten var OperaKysten sin første operagalla.
Ein operagalla er ein konsert der songarane og musikarane framfører utdrag eller songar ifrå ulike operaer, gjerne med ein raud tråd som leiar publikum gjennom forestillinga.
OperaKysten sin aller første produksjon vart ein stor suksess.
Der Schauspieldirektor, Teaterdirektøren, er W. A. Mozart sin kortaste opera, skriven i 1786.
I rollene såg vi: Caroline Wettergreen, Nora Oleanne Sårheim, Anders Werner, Trond Ramstad Olsen og ballerinaer frå Florø kulturskule.
Regissør: Oda Alisøy