Back to All Events

La Bohème - Januar 2022 - AVLYST


  • Florø Kulturhus Markegt. 51 Florø Norway (map)

Vi i OperaKysten hadde gleda oss gjennom heile hausten til å endeleg presentere La Bohème av Giacomo Puccini i Florø Kulturhus i januar 2022.

Som de sikkert skjønar må vi dessverre avlyse denne pga den endra smittesituasjonen og restriksjonane for arrangement.  Vi lovar likevel å komme tilbake med arrangement for alle våre operavener i løpet av 2022!

La Bohème er ein italiensk opera i fire akter og vart oppført første gong 1. februar 1896 på Teatro Regio i Torino i Italia under leiing av Arturo Toscanini. Librettoen vart skiven av Giuseppe Giacosa og Luigi Illica etter ein roman av Henri Murger: La Vie de Bohème.

Handlinga utspelar seg i kunstnarkretser i Paris, og nokre av dei berande rollene er poeten Rodolfo (tenor), syerska Mimi (sopran), målaren Marcello (baryton) og den tidlegare songaren Musetta (sopran).

Nynorsk gjendikting ved Jostein Avdem Fretland

I rollane:

Mimi - Nora Oleanne Sårheim

Musetta - Sigrid Vetleseter Bøe

Rodolfo - Eivind Kandal

Marcello - Magnus Dorholt Kjeldal

På Klaver - Andreas Taklo

Earlier Event: October 7
Haustturnè - oktober 2021