Tilbake til alle arrangementer

Der Schauspieldirektor av Mozart


Korleis er livet bak scena på eit teater, eigentleg?

I Mozart sin lystige komedie Der Schauspieldirektor, får publikum ein liten, latterleg, men absolutt realistisk smakebit på korleis ein heilt vanleg dag på jobben kan vere for ein teaterdirektør!  

OperaKysten markerte sitt 10-årsjubileum med ei gjenoppsetjing av Teaterdirektøren, akkurat som i 2016 – eller i alle fall nesten. Denne gongen vart alle tekstane framførte på nynorsk, og nokre nye ansikt både på og bak scena var med på å gi framsyninga eit friskt løft.

Medverkande:

  • Frk Songstad, den unge, ambisiøse sopranen: Beate Mordal

  • Madame Borchgrevinch, den aldrande divaen: Nora Oleanne Sårheim

  • Den entusiastiske og syngande assistenten: Eivind Kandal

  • Teaterdirektøren: Per Øyvind Helle

  • Ved flygelet: Lina Braaten

  • Regi: Lars Harald Maagerø

  • Lys: Matias Askvik

Akkurat som i 2016 var interessa stor, og publikumsengasjementet merka ein godt. Den gong vart alle billettane utselde ei veke før premiere – og også jubiléumsoppsetjinga skapte stor forventning, operaglede og ei flott feiring av OperaKysten sine første ti år.

Tidligere arrangement: 17. september
Høgromantisk haustopera
Senere arrangement: 16. mars
ÅRSMØTE I OPERAKYSTEN 16. MARS KL. 19:00