Tilbake til alle arrangementer

Sommarturnè - Sommaropera ved fjorden


På høgaste sommaren, legg OperaKysten ut på turnè med “Sommaropera ved Fjorden”, og tek med seg noko av det vakraste operaverda har å by på til små stader langs kysten vår. Med sopran Nora Oleanne Sårheim i spissen inviterer vi til varme, nære og overraskande operaopplevingar på nynorsk – laga for både erfarne operavener og deg som aldri har sett foten i eit operahus.

Gløym tanken om stive salar og fjerne scenekantar. Dette er opera slik du sjeldan opplever han: tett på, levande og personleg. Kjende melodiar, sterke historier og musikk som treff rett i hjartet – framført med humor, varme og nærleik. Alt på nynorsk.

På nokre stopp blir det OperaPub med servering og låg skulder-faktor, andre stader sommarkonsert eller afternoon tea. Felles for alle kveldane er ei kjensle av å vere med på noko heilt spesielt: profesjonell opera av høg kvalitet – midt i ditt eige lokalsamfunn.

I ti år har OperaKysten reist dit dei store kulturinstitusjonane sjeldan kjem. Fordi store kunstopplevingar ikkje berre høyrer heime i storbyane.
Ta med ein ven, ein nabo eller nokon som «ikkje likar opera». Det er ofte dei som går heim mest begeistra.

Spelestader: Jakob Sande - Senter for forteljekunst, Dale 21. juli, Eikaasgalleriet, Ålhus 22. juli, Kjellarhuset, Svanøy Hovedgård, Svanøy 24. juli og Borgstova Kulturkafè, Davik 26. juli

Tidligere arrangement: 13. april
OperaKysten støtta av Kulturrådet