Back to All Events

La Bohème - Opera Nordfjord

  • Operahuset Nordfjord Sophus Lie-vegen 3 6770 Nordfjordeid (map)

Kjært gjensyn med ein av verdas mest spelte og høgt elska operaer

I 2000 vart vakre La Bohème av Giacomo Puccini sett opp i Aulaen på Fjordane Folkehøgskule på Nordfjordeid til stor jubel frå eit begeistra publikum. No er endeleg tida komen for eit kjært gjensyn med dei sjarmerande bohemane i ein av verdas mest spelte og høgt elska operaer, denne gongen i Operahuset Nordfjord. Vi er svært stolte over å kunne presentere operaen i ei funklande ny, nynorsk omsetting av Jostein Avdem Fretland.

La bohème er ein italiensk opera i fire akter og vart oppført første gong 1. februar 1896 på Teatro Regio i Torino i Italia under leiing av Arturo Toscanini. Librettoen vart skiven av Giuseppe Giacosa og Luigi Illica etter ein roman av Henri Murger: La Vie de Bohème.

Handlinga utspelar seg i kunstnarkretser i Paris, og dei berande rollene er poeten Rodolfo (tenor), syerska Mimi (sopran), målaren Marcello (baryton), musikaren Schaunard (baryton), filosofen Colline (bass) og den tidlegare songaren Musetta (sopran).

Det er ei stor glede å presentere solistlaget for jubiléumsproduksjonen 2018:
Mimi: Margrethe Fredheim, Rodolfo: Thorbjørn Gulbrandsøy, Marcello: Mads Wighus, Musetta: Gunda-Marie Bruce, Schaunard: Thomas Røshol, Colline: Martin Hatlo, Alcindoro/Benoît: Lars Eggen.

Dirigent er Opera Nordfjord sin faste musikalske leiar, Michael Pavelich, og regissør vert svenske Mira Bartov, som gjestar Opera Nordfjord for første gong. Ho har ei lang merittliste å vise til, og vi gler oss til å samarbeide med henne. Det øvrige kunstnariske teamet vert klart om kort tid. I tillegg har vi med vårt profesjonelle operaorkester og hyggeleg gjensyn med konsertmeister Stig Nilsson. Operakoret og barnekoret vert i desse dagar sett saman av lokale songarar frå heile regionen – det er framleis plass til fleire, så ta gjerne kontakt, om du eller nokon du kjenner ønskjer å synge i operakoret vårt.

Earlier Event: September 25
Ingmar Bergmans Tryllefløyten
Later Event: January 19
Marguerite!