Back to All Events

Marguerite!

Dei fleste tenker på opera som storslåtte forestillingar med mange aktørar, kor og kanskje til og med dyr på scena, gjerne i flotte og storslagne kostymer.

OperaKysten ønskjer å syne at det er mange måtar å framføre opera på.  Av og til er det berre èin karakter si historie ein ønskjer å halde fokuset på.  Dette er jo sjølvsagt alle operasongarar sin draumesituasjon, for på denne måten får jo songaren nyte full merksemd.

_CM_0357.jpg

Denne gongen fekk Florø sin eigen diva boltre seg i rolla som Marguérite frå Faust. Gounod har skrive musikken til dette stykket og operaen er basert på det velkjende dramaet Faust del 1 av den tyske nasjonaldiktaren Goethe. 

Forestillinga vart til då Nora Oleanne skulle gjennomføre sin mastereksamen ver Operahøgskolen i juni 2018. Publikum fekk her eit møte med ein litt annleis versjon av historia om den unge jenta Marguérite.  I Goethe sin versjon vert nemleg den unge jenta forført av Faust, for så å bli forleten av av han. Då er ho allereie blitt gravid. Den unge kvinna vert sinnsjuk og tek livet av sitt nyfødde barn og hamnar til slutt i fengsel.  Operaen og sjølve historia går mot si avslutning når Faust prøver å redde ho frå fengselet. Idet ho skjønar at Faust har med seg djevelen (Mephistofeles) nektar ho å vere med han og døyr av utmatting.  

_CM_0112.jpg

I denne nye og meir samtidsretta versjonen av operaen var det ei jente som er svært mentalt sjuk vi fekk sjå og høyre.  Alt Marguérite opplever skjer inne i hennar eige hovud.  Ho høyrer stemmer, hallusinerer, ser menneske og er som fanga i eit fengsel av sitt eige sinn.  Dette kjem tydeleg fram i scenografien og regien, der publikum heile tida vil kunne sjå dei øvrige songarane, medan Marguérite sjølv berre kan høyre dei.  

_CM_0144.jpg

I rollene:

Marguerité – Nora Oleanne Sårheim (sopran)

Faust – Håkon Kornstad (tenor)

Mephostophiles – Joris Grouwels (baryton)

Kor sett saman frå:

Fryd

Gammen

Dirigent Jorunn Bakke Nydal

Andreas Løken Taklo – flygel

Sebastian Ryll - orgel

Earlier Event: October 3
La Bohème - Opera Nordfjord
Later Event: May 9
Filmklubben set opp Marguérite