Back to All Events

Der Schauspieldirektor

Der Schauspieldirektor, Teaterdirektøren, er W. A. Mozart sin kortaste opera, skriven i 1786. Speletida er rekna til ca 35 min, og den er sett saman av 5 satsar; Overtyre, 2 ariar, ein trio og ein kvartett.

Operaen, eller syngespelet som det eigentleg er, vart skriven til ein konkurranse, og handlinga er lagt til ein auditionsituasjon mellom to sopranar. Komponisten tok seg tid til å skrive kvar sin seriøse auditionarie til dei, så vel som ein trio der damene prøvar å overgå kvarandre med imponerande høge tonar og virtous stemmeprakt. Innimellom er der talt dialog, og i tillegg til dei fire songarane, er det skrive dialog for 6 taleroller.

Det er likevel like vanleg å framføre operaen med berre dei fire songarane, og noko justering av dialogen.

Fordi operaen er kort, og det likevel er mykje arbeid med ein operaproduksjon, er det svært vanleg å sette inn fleire ”auditionariar” til songarane, noko Florapublikumet òg fekk oppleve.  All musikken var henta frå Mozart sine øvrige operaer, mellom anna Nattens Dronning sin velkjende arie ifrå Tryllefløyten. 

I rollene såg vi 

Madame Hertz / Frøken Songstad – Caroline Wettergreen

Mademosielle Silberklang / Madame ”La Borchgrevinch” – Nora Oleanne Sårheim

Monsiør Vogelsang / Direktøren – Anders Werner

Teaterdirektør Buff – Trond Ramstad Olsen

Ballerinaer frå Florø kulturskule

Regissør: Oda Alisøy

OperaKysten sitt kammerorkester / Ensemble Kysten

I denne produksjonen vart det sett saman eit lite kammerorkester av dels lokale og dels innhenta musikarar.  Ensemblet bestod av:

Fiolin – Jonas Båtstrand
Fiolin – Audun Hareide
Bratsj – Magnhild Skomedal Torvanger
Cello – Mathias Monsen
Fløyte – Helga Lied Wyrtz
Obo – Kjersti Strøm

Frå media:

NRK sogn og Fjordane Humoristisk opera servert på sølvfat til svoltne Florøværingar”

Later Event: April 1
Operaperler ved kysten