Back to All Events

Operaperler ved kysten

Operaperler ved kysten var OperaKysten sin første operagalla. 

17759390_10207439460859778_1939663169_o.jpg

Ein operagalla er ein konsert der songarane og musikarane framfører utdrag eller songar ifrå ulike operaer, gjerne med ein raud tråd som leiar publikum gjennom forestillinga.  Både solosongar, eller ariar som det heiter i operaverda, duettar, trioer og kvartettar vart framført denne kvelden og publikum fekk høyre musikk frå heile spekteret av operahistoria.  Spesielt godt hugser nok publikum scena ifrå Don Giovanni, der dåverande kultursjef Roald Leivestad fekk spele ut ei større dødsscene, og deretter vert funne av si svært hysteriske dotter og svigerson.  Eit anna verkeleg høgdepunkt i konserten var Dagfinn Andersen og Eirik Grøtvedt si framføring av den velkjende ”Perlefiskarduetten” ei oppleving mange seint vil gløyme.

Operagallaen gjekk av stabelen 1. april 2017 i Florø kyrkje. 

Artistande som var med denne kvelden var:

Nora Oleanne Sårheim – sopran

Marcela Randem – mezzosopran

Eirik Grøtvedt – tenor

Dagfinn Andersen – baryton

Oda Alisøy – konferansier

Andreas Løken Taklo – flygel

Audun Hareide – fiolin

Earlier Event: January 23
Der Schauspieldirektor
Later Event: January 13
Operahistoria passerer i revy