Back to All Events

Operahistoria passerer i revy

I 2018 baud OperaKysten Florapublikumet på ei nyskaping.  Kan ein på under 2 timar gje publikum eit inntrykk av heile operahistoria, ei tidsepoke som spenn over 400 år? 

Ensemblet ønskte å syne eit riss av operahistoria for å gjere publikumet litt meir kjend med denne, og såleis plukka ein fritt frå ulike operaar opp gjennom tida.  Dette vart sett saman på ein humoristisk måte, slik at revy-konseptet var nærliggande å samanlikne seg med. Heile produksjonen var skriven av Nora Oleanne Sårheim og Oda Alisøy, som saman med dei andre aktørane utvikla dette til den ferdige produksjonen.

27018305_10209323816967503_13537030_o.jpg

I tett samarbeid skreiv Nora og Oda ei forestilling som gjer nettopp dette. Med bakgrunnen dei to kunstnarane har, var det kanskje ikkje så overraskande at det enda med å presentere opera i revyformatet, eit konsept som absolutt slo godt an hos publikum. 

Innimellom humor og ablegøyar, fekk utøvarane verkeleg vise kvar dei var gode for musikalsk. Alle som var med på scena vart utfordra på nye oppgåver; pianisten som vanlegvis får gøyme seg litt i bakgrunnen hadde både kostymeskift og replikkar, og regissør og skodespelar Oda Alisøy fekk seg ein runde i konkurranseduett med Nora Oleanne Sårheim.  Sjølv publikum fekk vere med på allsong etter pausen!


27016461_10209323808167283_1465651978_o.jpg

Artistar

Nora Oleanne Sårheim – sopran

Stian Økland – tenor

Born frå Florø Musikkteater

Andreas Løken Taklo – flygel

Oda Alisøy – regissør og skodespelar

Earlier Event: April 1
Operaperler ved kysten