OperaKysten på turné i august!
Med konsertlokale med saltsprut oppetter veggane og eit program som lukta av både tang og tare, la OperaKysten ut på nok ein miniturné med sine dyktige artistar.
Vår eiga sopran og kunstnarleg leiar Nora Oleanne Sårheim tok med seg pianist Olga Jørgensen på dette eventyret og saman framførde dei både velkjende operasviske og nokre meir ukjende skattar i frå operaverda sitt havrepertoar!
Det vart til og med ei aldri så lita urframføring av nyskriven musikk innimellom “Rusalka”, “Peter Grimes” og “Til Havs”!
All musikken vart framført tradisjonen tru - i nye, nynorske versjonar!
Spelestader var på Eid - Jølster - Måløy - Svanøy - Kalvåg
Opera Nordfjord var samarbeidspart for konserten på Eid.