Tilbake til alle arrangementer

HUMMER OG KANARI - litt av alt!


OperaKysten hadde denne gongen sett saman eit program som verkeleg levde opp til det gamle uttrykket: Den einaste fellesnemnaren for kvelden var at publikum fekk servert fantastisk opera av høg kvalitet, framført av dyktige utøvarar. Elles fekk ein høyre musikk frå fleire ulike århundre, 11 komponistar frå 6 land, både som solistinnslag, duettar og med kor. Som vanleg hadde Nora Oleanne Sårheim omsett alle tekstane til klingande nynorsk, slik at publikum kunne følgje denne musikalske reisa utan problem.

Musikken var lagd i dei trygge hendene til Andreas Løken Taklo, som trilla elegant over tangentane. Kven som skulle halde det heile i tøylane og leie publikum gjennom kvelden, vart derimot ikkje avslørt før sjølve arrangementet.

Etter mange forsøk hadde OperaKysten endeleg fått med seg mezzosopran Mari Askvik frå Leikanger, og hennar flotte stemme fylte salane i både Sunnfjord og Sogn.

Ein var også svært glade for å ha Førde Kammerkor med på laget igjen, etter det vellukka samarbeidet i 2023. Den gong var førdejenta Amanda Kvammen “berre” ein av sopranane i koret, men i år ønskte ein henne velkommen også som gjestesolist. Vår eigen kunstnariske leiar, Nora Oleanne Sårheim, var sjølvsagt òg å sjå i desse konsertane.

Tidligere arrangement: 26. august
OPERA VED HAVET
Senere arrangement: 22. april
ÅRSMØTE I OPERAKYSTEN 22. APRIL KL. 18:00